CBIS 5990741

Skåla

Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. Fjellet er 1848 meter over havet, og har i alle år vore eit populært fjellmål.

I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. Opphavsmannen var Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket.

Skålatårnet er ei sjølvbetjent DNT hytte, og er kanskje Norges, eller verdas mest spesielle turisthytte. I oktober 2016 stod også den den nye turisthytta Skålabu ferdig. Det er Bergen og Hordaland Turlag (DNT) sammen med arkitekt Eilif Bjørge og byggmester Bjørn Vike som har stått for oppføringa av denne. Begge hyttene er i dag drivne av Bergen Turlag. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjord-natur på alle kantar. Vanleg tur-tid er berekna til fem timar opp og tre timar ned.