CBIS 5991952

Lodalen

Lodalen er spektakulær, og dalen si dramatiske historie gjer dalen spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lavaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er blitt eit ynda fotomotiv.

Lodalen ligg på vestsida av Jostedalsbreen, i Stryn. Brearmane Bødalsbreen og Kjenndalsbreen er tilgjengelege frå denne dalen. Bødalsætra er utgongspunktet for turar til Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") (2083 m.o.h.), og eit populært turområde.

Dalen har også ei dramatisk historie. Både i 1905 og i 1936 løsna store ras frå Ramnefjellet.